Ungdomsbedrift

Rein Energi UB

Stranda vidaregåande skule satsar stort på Entreprenørskap, og er eit eige programfag ved skulen. Desse klassene samarbeider tett både med lokalt og regionalt næringsliv. I år har Stranda Energi eit samarbeid med ei av ungdomsbedriftene ved Stranda vgs.

Rein Energi UB består av sju kreative ungdommar frå Stranda vidaregåande skule, der ungdomsbedrifta sitt prosjekt er i regi av Stranda Energi AS, som er den lokale leverandøren av rein og fornybar energi. Prosjektet går ut på å marknadsføre for Stranda Energi på ein innovativ og kreativ måte.

Målgruppa til Rein Energi UB er i hovudsak vaksne og eldre med ein stabil økonomi med behov for straumprodukt eller fiber til sin heim, som Stranda Energi tilbyr. Ulike marknadsføringskanalar som Facebook og nettsida til leverandøren er har blitt brukt for å nå gruppa i ulike aldrar.