No kan du kjøpe lokal straum

Stranda Energi tilbyr lokal straum. 

KJØP HER

– Vi ønskjer at folk skal bli meir bevisst på kvar dei kjøper straumen frå, og at den er fornybar. Vi vil ha med oss dei som har ein grøn og miljøvennleg tankegang, fortel Frode Langelo, marknadssjef i Stranda Energi.

Opprinnelsesgaranti

Ved hjelp av ei ordning som Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) kallar opprinnelsesgaranti, kan vi med produktet ”Fursetkraft” garantere at straumen vi sel til deg er fornybar. Vi kjøper tal garantiar lik med mengda straum vi sel til kundane. Då veit vi at straumen blir kjøpt lokalt.

– Desse garantiane er inkludert i prisen til kundane, det skal ikkje koste dei noko meir å velje lokal straum, understrekar Langelo.

Nyttar snøen to gonger

Furset kraft er eit vassverk som ligg rett ved skibakkane på Stranda. Når snøen smeltar blir den til vatn som nyttast i kraftverket.

– Difor kan vi sei at snøen vert nytta to gonger her på Standa, avsluttar Langelo.

Vil du prøve Fursetkraft? Kjøp her eller ring oss på 93 07 98 30.