Marknadskommentar - Januar 2019

Foto: Sigmund Alme

Foto: Sigmund Alme

Marknadskommentar

Høgare prisar i 2018 enn på fleire år, og trenden ser ut til å fortsette i 2019.

I 2018 hadde vi mykje ver.

Allereie i februar fekk vi eit stabilt langvarig høgtrykk over Norden med kjølige temperaturar. Høgtrykket varte gjennom heile våren og sommaren med lite nedbør. Sommaren 2018 blei «ein av dei finaste somrane i manns minne», og juli tangerte historiske rekordar for tørt ver samtidig som temperaturen var fleire grader over normalt for månaden. August, september og oktober var dei einaste månadane med nedbør over normalen.

Ver utviklinga bidrog til å svekke den hydrologiske balansen i Norden som omfattar magasinfylling og snø i fjella. Som ein følge av dette blei nordiske vasskraftprodusentar meir forsiktige med tapping av magasina, og derfor økte prisen på vassproduksjon.

Norske og svenske straumkundar må kjøpe inn elsertifikat, som skal bidra til auka utbygging av fornybar energi tilsvarande ein viss del av forbruket sitt. Denne delen blir satt av myndigheitene og rekninga for elsertifikat kjem på straumrekninga. Ver utviklinga har bidrege til ein stor prisauke på elsertifikater gjennom året, men elsertifikater utgjer fortsatt ein liten del av den totale straumrekninga.

Snittsprisen for straum i Norden i 2018 enda opp med å bli nesten 50% høgare enn prisen i 2017, og blei den høgaste årsprisen vi har hatt sidan 2011. Vinteren og våren 2019 ligg an til å få prisar som er høgare enn det vi har sett dei siste åra.