Marknadskommentar

Foto: Sigmund Alme

Foto: Sigmund Alme

Varmt og tørt ver gir historisk høge straumprisar sommaren 2018!

Det er svert sjeldan vi ser så høge traumprisar i juni som i år! Det varme og tørre veret fortsetter og prognosane indikerer ein fortsatt varm sommar med lite nedbør.

Vi har kome i ein situasjon der kraftprodusentane no produserer kraft med vatn som eigentleg var tiltenkt for produksjon seinare i haust og til neste vinter. Prisnivået vil generelt vere høgt, og vår forventning er eit høgt prisnivå på straum langt utover hausten og vinteren. Vi er avhengig av mykje nedbør over tid for å få ein prisnedgang. Men så langt viser altså vervarsla tørt og fint sommarver, så då får vi spare på straumen og ta ein tur ut!