Nye nettsider

Etter fleire år med forelda nettsider, har vi no fått på plass nye. Desse skal vi no framover byggje opp med så mykje informasjon vi berre kan for at det skal bli lettare å vere kunde i Stranda Energi.

NVE legg strenge føringar på korleis eit integrert everk - som både sel kraft og tilbyr nett-tenester - skal utvikle sine websider. All informasjonen som er knytta til nett, må ligge på eigne sider. For å sikre nøytralitetsprinsippet, er det ikkje muleg å komme tilbake til Kraft sine sider utan å nytte seg av Tilbake-funksjon i nettlesaren eller skrive domenet strandakraft.no på nytt.

Nettsidene er utvikla av Gasta design & kommunikasjon as som held til på Fosshaugane Campus i Sogndal.

Gje oss gjerne tilbakemeldingar på firmapost@strandaenergi.no om det er ting du savnar på nettsida.