Marknadskommentar - Januar 2019

Foto: Sigmund Alme

Foto: Sigmund Alme

Marknadskommentar

Høgare prisar i 2018 enn på fleire år, og trenden ser ut til å fortsette i 2019.

I 2018 hadde vi mykje ver.

Allereie i februar fekk vi eit stabilt langvarig høgtrykk over Norden med kjølige temperaturar. Høgtrykket varte gjennom heile våren og sommaren med lite nedbør. Sommaren 2018 blei «ein av dei finaste somrane i manns minne», og juli tangerte historiske rekordar for tørt ver samtidig som temperaturen var fleire grader over normalt for månaden. August, september og oktober var dei einaste månadane med nedbør over normalen.

Ver utviklinga bidrog til å svekke den hydrologiske balansen i Norden som omfattar magasinfylling og snø i fjella. Som ein følge av dette blei nordiske vasskraftprodusentar meir forsiktige med tapping av magasina, og derfor økte prisen på vassproduksjon.

Norske og svenske straumkundar må kjøpe inn elsertifikat, som skal bidra til auka utbygging av fornybar energi tilsvarande ein viss del av forbruket sitt. Denne delen blir satt av myndigheitene og rekninga for elsertifikat kjem på straumrekninga. Ver utviklinga har bidrege til ein stor prisauke på elsertifikater gjennom året, men elsertifikater utgjer fortsatt ein liten del av den totale straumrekninga.

Snittsprisen for straum i Norden i 2018 enda opp med å bli nesten 50% høgare enn prisen i 2017, og blei den høgaste årsprisen vi har hatt sidan 2011. Vinteren og våren 2019 ligg an til å få prisar som er høgare enn det vi har sett dei siste åra.

Marknadskommentar

Varmt og tørt ver gir historisk høge straumprisar sommaren 2018! Det er svert sjeldan vi ser så høge traumprisar i juni som i år! Det varme og tørre veret fortsetter og prognosane indikerer ein fortsatt varm sommar med lite nedbør. Vi har kome i ein situasjon der kraftprodusentane no produserer kraft med vatn som eigentleg var tiltenkt for produksjon seinare i haust og til neste vinter. Prisnivået vil generelt vere høgt, og vår forventning er eit høgt prisnivå på straum langt utover hausten og vinteren. Vi er avhengig av mykje nedbør over tid for å få ein prisnedgang. Men så langt viser altså vervarsla tørt og fint sommarver, så då får vi spare på straumen og ta ein tur ut!

Read More

Fotokonkurranse!

Foto: Per Johan Alnes

Foto: Per Johan Alnes

FOTOKONKURRANSE!

Stranda Energi vil arrangere ein fotokonkurranse.

Vi ønskjer bilde frå Stranda kommune. Gjerne bilde som viser

noko av all den aktiviteten som er i kommunen vår gjennom året.

Skriv kvar og når bildet er tatt.

Ein jury vil kåre dei 5 beste bilda.

Fotografen til det beste bildet vil få ein iPad,

dei 4 andre vil få kvar sin powerbank.

Konkurransen avsluttast den 15.12.17.

 

REGLAR

  •         * Bilda sendast til firmapost@strandaenergi.no og merkast med «Fotokonkurranse»
    • Kvar deltakar kan delta med inntil 5 bilde
    • Stranda Energi AS forbeheld seg retten til å bruke innsendte bilde
    • Det er fotografens ansvar å sørgje for at eventuelt avbilda personar er kjent med, og har gitt samtykke til at bilda kan offentleggjerast.
    • Fotografen samtykker ved å sende inn bilde, at han eller ho er bildets rette eigar og opphavsmann, og samtykker samtidig i at bildet kan brukast av Stranda Energi AS.
    • Konkurransen er open for Stranda Energi sine kundar og familiemedlemmar

No kan du kjøpe lokal straum

Stranda Energi tilbyr lokal straum. 

KJØP HER

– Vi ønskjer at folk skal bli meir bevisst på kvar dei kjøper straumen frå, og at den er fornybar. Vi vil ha med oss dei som har ein grøn og miljøvennleg tankegang, fortel Frode Langelo, marknadssjef i Stranda Energi.

Opprinnelsesgaranti

Ved hjelp av ei ordning som Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) kallar opprinnelsesgaranti, kan vi med produktet ”Fursetkraft” garantere at straumen vi sel til deg er fornybar. Vi kjøper tal garantiar lik med mengda straum vi sel til kundane. Då veit vi at straumen blir kjøpt lokalt.

– Desse garantiane er inkludert i prisen til kundane, det skal ikkje koste dei noko meir å velje lokal straum, understrekar Langelo.

Nyttar snøen to gonger

Furset kraft er eit vassverk som ligg rett ved skibakkane på Stranda. Når snøen smeltar blir den til vatn som nyttast i kraftverket.

– Difor kan vi sei at snøen vert nytta to gonger her på Standa, avsluttar Langelo.

Vil du prøve Fursetkraft? Kjøp her eller ring oss på 93 07 98 30.

AMS - smarte straummålarar

Alle landets straumkundar skal få nye, automatiske straummålarar - på fagspråket kalla AMS. Dette er den største moderniseringa av straumnettet på over 100 år, med fordelar både for kundane, kraftsystemet og klimaet.

I Stranda kommune vil vi starte byte av straummålarane den 27.mars 2017.

Mykje av det du treng å vite om Smart Strøm og smarte straummålarar finn du her:  http://www.smartstromnordvest.no/kunnskapsbasen/

Følgjande brev er sendt kundane i Stranda kommune:

Kundebrev

English version

Ofte stilte spørsmål

Les meir her, og/eller sjå video under.

Målaravlesing

Vi har problem med å få kontakt med enkelte straummålarar hos kundane våre. Innsamlings systemet vårt begynner å bli gammalt og alle målarane skal skiftast ut i mai og juni 2017 (les meir om dette her: www.smarthub.no ). inntil målarane vert skifta ut, må dokke som får SMS, være flinke til å lese av og sende inn målarstanden.

Til dokke som har fått SMS om målaravlesning og ikkje svart, ber vi derfor om at dokke les av målaren og svarar på SMS.
Skriv da: strm målarnr stand (Bruk same mobil tlf som du fikk SMS mld på, til å sende inn målerstanden).

Du kan også legge inn målarstanden ved å gå inn på mine sider på www.strandaenerginett.no
Er det første gangen du er inne på denne sida, må du ha kundenummer og målar nummer tilgjengelig for å registrere deg, dette finn du på fakturaen.

Eller du kan sende målarstanden inn på mail, husk da navn og målernr. E-post adressa er: firmapost@strandaenergi.no eller du kan kontakte oss på telefon: 930 79 890

 

Ungdomsbedrift

Rein Energi UB

Stranda vidaregåande skule satsar stort på Entreprenørskap, og er eit eige programfag ved skulen. Desse klassene samarbeider tett både med lokalt og regionalt næringsliv. I år har Stranda Energi eit samarbeid med ei av ungdomsbedriftene ved Stranda vgs.

Rein Energi UB består av sju kreative ungdommar frå Stranda vidaregåande skule, der ungdomsbedrifta sitt prosjekt er i regi av Stranda Energi AS, som er den lokale leverandøren av rein og fornybar energi. Prosjektet går ut på å marknadsføre for Stranda Energi på ein innovativ og kreativ måte.

Målgruppa til Rein Energi UB er i hovudsak vaksne og eldre med ein stabil økonomi med behov for straumprodukt eller fiber til sin heim, som Stranda Energi tilbyr. Ulike marknadsføringskanalar som Facebook og nettsida til leverandøren er har blitt brukt for å nå gruppa i ulike aldrar.

eFaktura - Enkelt og miljøvennleg

Gjer det enkelt og miljøvennleg betal faktuaren med eFaktura eller epost

Registrer deg som eFaktura kunde!

eFaktura avtale inngår du i nettbanken ved å seie ja takk neste gang du skal betale rekninga. 

Kva er forskjellen på e-postfaktura og eFaktura?

E-faktura betyr at vi i Stranda Energi sender fakturaen til nettbanken din, slik at du ikkje treng å leggje den inn sjølv. Ein eFaktura er ferdig utfylt med KID, kontonummer og beløp. Enklare kan det ikkje bli! Beløpet vert ikkje trekt frå din konto før du har godkjend rekninga. Du opprettar enkelt ein eFakturaavtale i nettbanken din eller du kan gjere det på MineSider.

E-postfaktura betyr at vi sender fakturaen til di e-postadresse. Du kan skrive den ut og sjølv velje om du vil betale i banken, via brevgiro eller i nettbank.

Dersom du ønskjer å motta faktura på e-post fyller du ut skjemaet under. Neste faktura vil bli sendt til di e-postadresse.

Ekstremver

Ekstremveret Tor med orkan i kasta, har meldt sin ankomst i ettermiddag/kveld fredag 29 januar. Vi ber derfor om at alle våre kundar førbur seg godt , festar alle lause gjenstandar og er førebudd på at straumen kan vere vekk i periodar.

STRANDA ENERGI har auka beredskap og er godt førebudd på veret som kjem. Vi vil imidlertid svært gjerne ha hjelp frå kundane våre.

Ser du noko som kan føre til feil på straumnettet, eller noko som har forårsaka feil på straumnettet, ta kontakt med oss på vakttelefon nr 70 26 08 65 eller på Facebook.

Sikkerheitsinformasjon frå DIREKTORATET FOR SAMFUNNSSIKKERHET OG BEREDSKAP (DSB):

Ekstremværet "Tor" vil trolig ramme Møre og Romsdal, samt Sør- og Nord-Trøndelag.

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB), Elsikkerhet Region Midt-Norge, vil med bakgrunn i dette anmode berørte nett- og kraftselskaper om å legge ut sikkerhetsinformasjon på sine nettsider

  • Publikum må holde god avstand til/ikke berøre ledninger som har falt ned.
  • Publikum må holde god avstand til/ikke berøre trær eller andre gjenstander som ligger over ledninger.
  • Berøring av ledninger og trær/gjenstander som ligger over ledninger kan medføre livsfare.
  • Nett- og kraftselskaper må varsles dersom man kommer over tilfeller beskrevet ovenfor

Straumutfall på Stranda

I samband med arbeid i sekundærstasjon på Stranda, skjedde det ein feil og transformatorbrytaren falt ut. Dermed vart alle straumabonnentane på Stranda ramma av straumbrot.
Fjernstyringa virka ikkje, og det tok dermed ei stund før vi fikk lagt inn att brytaren.

Vi er no tilbake til normaldrift på straumnettet og alle har fått tilbake straumen

Beklagar bryderiet dette skapte for alle som vart ramma av straumutfallet

Utskifting av linje i Geiranger

Arbeidet med å skifte ut den gamle 22 kV i Geiranger nærmer seg no slutten.

Vi er ferdige frå Union hotell til Flydalen med ny 22 kV linje og er i sluttfasen på 22 kV linja fra Korsmyra til Grande. Som ein kan sjå av bilda, er linja frå Korsmyra til Grande bygd med komposittstolpar.

Dette er eit område vi lenge har vore plaga med hakkespett, og satsar no på at  hakkespetten ikkje er så glad i dei nye stolpane.

Høgspenningslinjene i Geiranger blir skifta

For å sikre betre straumforsyninga i Geiranger, vil Stranda Energi skifte ut høgspenningslinjene  der i løpet av året. Arbeidet vil starte snart. Første del er å flyge på plass stolpar på strekninga Fjordsenteret – Opplendskedal. Dette er planlagt torsdag 19. feb.. Kan bli utsatt ved dårleg flygever.  Følgjande trafostasjonar blir berørt: Kopane, Hole, Flydal, Ørjasæter og Opplendskedal.